Sjøslag og sjukdom i dagboksform

Tidleg om morgonen såg vi skip framom oss. Vi sette kursen mot dei, og såg at dei var svenske. Det var 19 skip i alt. Vi gjorde alt klart, slo ned bommar og skodder, rydda skipet og kasta over bord. Men då vi kom så nær at vi kunne sjå dei svenske seglarane tydeleg, såg vi at dei ville bli for sterke for oss. Svensken hadde 19 seglskip mot våre seks, åtte orlogsskip mot våre tre. Vi torde ikkje gå i kamp, men låg heile dagen og vakta på kvarandre … (Omsett til nynorsk av forf.)

AV MARGIT LØYLAND, FØRSTEARKIVAR, RIKSARKIVET

Slik skildra matros Nils Trosner ei av mange tilsvarande hendingar under den store nordiske krig (1709–1720). Nils heitte eigentleg Nils Danielsen Trosnavåg og var fødd i Bokn i Rogaland i 1685.

Det høyrde ein god sildevåg til heimgarden. Familien var velståande, og det er ikkje utenkjeleg at dei kunne ha leigd inn lærar til borna sine. Men Trosner var ikkje bare flink til å skrive, han var også glad i å teikne. Dagbøkene hans er spekka med ørsmå, livfulle illustrasjonar av det han såg rundt seg. Nokre av teikningane har han til og med fargelagt i raudt og blått og gult. Under landligge og i pausar mellom kanonskot, konvoisegling, sjauing, sjukdom og geværsalver fekk matros Trosner skildra korleis han opplevde krigskvardagen.

Dagboka er tatt vare på i Riksarkivet

Trosner segla på ulike skip i løpet av krigsåra. Nokre gonger var han midt i krigshandlingane, andre gonger var han tilskodar eller bare tilhøyrar til hendingane. Men mykje av det han opplevde eller høyrde om, skreiv han ned i dagboka si. Dagboka frå 1710 til 1713 er tatt vare på i Riksarkivet. Sitatet over er henta frå det han skreiv 29. mai 1712. Skipet hans var denne dagen eit av fleire orlogsfartøy og fregattar som hadde gått ut frå København og opp under norskekysten for å angripe svenske åtestyrkar. Men det dansk- norske åtaket lukkast ikkje. Dagen etter skreiv Nils vidare:

”30. mai 1712: …Vj giorde vort beste at komme under Norge igien for at faa eere skibe til oss, og svendsken jagit alt effter oss, for hand haffde da baade tømmene og svøben. Om afftenen maatte vore fregatter slæbe orlogskibene, Raa slæbit Prins Vilhelm, og Laassen og Søeridderen slæbit Fyen …, og vj holt det saa helle natten.” Matrosen og resten av det sjømilitære fylgjet fekk ein pause i kamphandlingane, for 2. juni skreiv han: ”Vj ble liggende stille med vore skibe i Staværnen…” Men dei rolege stundene varte ikkje lenge. Forsterkingar kom og nye angrep var i emning. Alt dagen etter skreiv Trosner: ”I nat gik vor challupe ad Langesund til og i dag kom dend fregatten general Løwendals galley hid ind fra Langesund…, comanderende af capit. Wessell …”.

Kaptein Wessel og ”Løvendals Galei” var sentrale aktørar under denne lange krigen. Peter Wessel vart seinare utnemnd til admiral og adla under namnet Tordenskjold. Mest kjent vart han då han leia aksjonane som overmanna svenskane i Dynekilen. Men denne dagen tidleg i mai 1712 segla han inn til Langesund med skipet sitt medan Nils Trosner sat og skreiv i dagboka si.

Hovudbasen for den dansk-norske marinen var Holmen i København. Skipa var innom Holmen for å hente forsyningar og nytt mannskap, eller for å reparere og kjølhale skipa. Trosner segla ein del turar sørover i Østersjøen, men skipa han var på, kom fort attende til København. Krigen gjorde det svært vanskeleg å segle som vanleg handelsskip. Slike skip segla ofte i konvoi, og også handelsskip hadde to eller fleire kanonar om bord.

Pest i København

Når skipet låg i hamn, stod Trosner og såg kva som gjekk føre seg inne på land, eller han fekk vite nytt når han var inne på Holmen og sjaua under landligga. Midt under krigshandlingane braut det ut pest i København. Både i 1711 og 1712 var pesten sentral i dagboksnotatane. Trosner skildra korleis sjuke og døde menneske blei frakta bort frå byen, korleis klede og eignelutar blei brent og husa røykt og reingjorte når det hadde vore sjukdom innanfor veggane. Matrosen teikna også likvognene som køyrde i gatene og kvinnene som prøvde å røyke bort smitten. Ved sida av teikninga  av likvognene skreiv han 2. november 1711: ”…de kiører de døde bort med 4 pæstvogne saa fast som de kand kiøre baade nat og dag …”

Pesten råka København hardt, og matros Trosner skreiv seinare på året om ryktet som gjekk at så mange som 36 000 menneske var døde under epidemien. Nils og dei andre sjøfolka skjøna at det var livsfarleg å ta seg inn på land. Men det var like farleg ute på sjøen. For rett bak dei låg svenske krigsskip klare til å fyre laus med kanonane sine. Sjøfolka visste ikkje kor dei skulle vere for å kjenne seg trygge.

Som sjømann og matros i flåten levde Nils fleire år midt i skotlina for dansk-norske og svenske krigsskip. Og nett som mange andre norske unggutar tenestegjorde han på fleire skip. Dagboksnotatane som han skreiv ned medan han var om bord på ulike marinefartøy og konvoiskip under den store nordiske krig, har seinare blitt brukt i mange samanhengar, både som trykt tekst og som illustrasjonsmateriale for å syne korleis sjømannslivet og soldatkvardagen arta seg for mange unge norske menn tidleg på 1700-talet.

Du kan sjølv bla i bøkene

Nils Trosners dagbok er i dag ein del av Norges Dokumentarv. Du kan bla i bøkene på Digitalarkivet:

 

bind 1

bind 2

 

Litteratur:

Frode Fyllingsnes: Karmøys historie, bd. 3, Karmøy kommune 004 Norsk biografisk leksikon, bd. 9, 2005 (TROSNER, Nils Danielsen) Roar Tank: Tordenskjolds matros, Kristiania 19 3.

Arkivreferanse:

Nils Trosners dagbok ført på flåten 1710-1713. Manuskriptsamlinga i Riksarkivet (MS qv 48). 

Denne artikkelen stod første gang på trykk i Arkivmagasinet 2/2006.