Mugg-alarm!


Det hender at lesesalsbrukarar oppdagar mugg i arkivmaterialet dei studerer. Då går mugg-alarmen i Riksarkivet.

15. august oppdagar ein lesesalsbrukar mugg i arkivmateriale frå andre verdskrig. Han varslar lesesalsvakten, som igjen tek kontakt med tilbringartenesta. Boksen med arkivmateriale vert isolert, i påvente av å bli reinsa for sopp. Mugg-alarmen på lesesalen aktiverer også  ”Muggalarm respons”: Ei rekkje personar vert då varsla via e-post, og dokumentet ”Påvisning av mugg-oppfølgingsliste” vert oppdatert med det siste mugg-befengte arkivmaterialet. Mugg er stort alvor i riksarkivbygningen. Med god grunn.

Helseskadeleg

Arkivmataeriale med nyoppdaga mugg kan ikkje studerast på lesesalen. Mugg er ikkje berre skadeleg for dokumenta, men også for folk på huset.

– Mugg spreier seg i lufta til vi som jobbar her og dei som brukar lesesalen. Nokre er svært sensitive, og får reaksjonar ganske raskt. Eg har sjølv opplevd kløe i auge og kribling i luftvegar av mugg. Nokre kan også få hovudpine og influensaliknande symptom, seier Silje Buset Glette, som til dagleg jobbar med å hente bestilt arkivmateriale opp til lesesalen.

image

Silje Buset Glette tek på seg hanskar og maske når ho opnar ein arkivboks ho veit inneheld mugg.

Muggslusa

Lesesalsbrukarar som utløyser mugg-alarmen kan få tilbod om å halde fram med arbeidet sitt i ”mugg-slusa.”

– Mange ryggjer nokre hakk når vi spør om dette, fortel Glette. Men her er det mogleg å studere materiale i trygge omgjevnader. Du får utdelt hanskar og maske, og sit framfor ein gjennomsiktig, beskyttande vegg med godt luftavtrekk og les materialet.

image

I “mugg-slusa” kan lesesalsbrukarar få tilbod om å halde fram med å sjå på materiale som er angripe av sopp.

God hjelp frå lesesalsbrukarane

Mugg-alarmen i Riksarkivet går eit par gongar i månaden. Dei fleste tilfella vert oppdaga nede i arkivmagasina, men nokre tilfelle kjem seg altså opp til lesesalen.

– At arkiv med mugg vert brukt på lesesalen er sjølvsagt noko vi helst vil unngå, men med 150 000 hyllemeter arkiv er det vanskeleg å sikre seg 100% mot dette. I dag har vi gode kontrollrutinar for nytt materiale som er på veg inn, og vi klarar å setje i verk tiltak medan det er hos arkivskapar. I dei seinare åra har det blitt meir merksemd om at muggskader utgjer ein helserisiko for folk, og difor større vekt på å sette inn førebyggjande HMS-tiltak. Dette fokuset var ikkje til stades i eldre tid, og mange av våre gamle arkiv vart difor ikkje like godt undersøkte for skit og muggskade. Det er årsaka til at vi framleis avdekkjer muggskada arkivmateriale i vår bestand, fortel Glette.

Ho reknar med at ein også kan operere med mørketal når det gjeld muggtilfelle på lesesalen:

– Det er ikkje alltid like lett å skilje mellom mugg og støv i arkivmaterialet. Eit utrent auge kan nok ha problem med dette, men folk på lesesalen har vore veldig flinke til å seie i frå når dei mistenker mugg. Det er mykje betre å varsle ein gong for mykje enn for lite, og vi er avhengig av hjelp frå lesesalsbrukarane våre, seier ho.

image

Det kan vere vanskeleg å skilje mellom mugg og skit. 

image

Ved hjelp av UV-lys kan muggskader ein ikkje ser i vanleg lys bli oppdaga.

Muggsjekk før innpass

Mugg i arkivmateriale nede i magasina er i dvale på grunn av det stabile fuktinnhaldet i lufta, men dersom luftfuktigheita vert for høg kan soppen vakne til live att.

– Har du først fått mugg på eit arkivmateriale får du det aldri heilt vekk igjen. Det vi gjer er å halde det i sjakk og sørgje for at det ikkje tek seg opp att, fortel Glette.

I dag er det gode rutinar for å unngå mugg i arkiva. Historikken til nytt arkivmateriale vert kartlagt før det kjem inn dørene på Sognsvann. Har det blitt oppbevart på loft, eller i kjellar? Usett for vatnskade? Fukt? Mange kontrollspørsmål må svarast på. Målet er sjølvsagt å stoppe alle innførsler av mugg. Arkiv med eit fuktig tidlegare liv vert reinsa for muggspor før det kjem inn i magasina. Eit slikt arkiv vart nyleg avlevert. Det kom frå Rio De Janeiro, og delar av arkivet var så full av mugg at det ikkje kom lenger enn til mugg-sluse 1 ved mottaksentralen nede i fjellet. Nokre av dokumenta var så øydelagde av mugg at dei ikkje var mogleg å tyde.

– Heldigvis har vi ikkje tropisk klima i Noreg, konkluderer Glette.

image

Arkivstykke med mistanke om muggskade vert isolert i påvente av å bli reinsa. Ein plastpose gjer nytta.



Hovedbilete: Arkiv frå Rio De Janeiro med muggskade.