Eit bondebryllup i Hardanger

Ferdig er kjømeister, ferdig er prest, golvet rudt, kjenn bjelkane knest. Fele og krakk og ei krå! Upp kvar stakk og lett på tå!

( frå diktet Dans av Ulvikdiktar Olav H. Hauge)

Det er sommar og høgsesong for bryllup. I Riksarkivet har vi gleda oss til å vise bilete frå eit tradisjonelt bryllup i Ulvik 27. mai 1954, henta frå arkivet etter Billedbladet NÅ. Svært mange av bileta dessverre er skada. Vi valde likevel vi å digitalisere dei; magien og stemninga er der, sjølv om bileta ikkje held same kvalitet i dag som for over 60 år sidan. 

Sjå alle bileta på Flickr

I  det gamle bondesamfunnet var eit bryllup noko som ikkje bare gjaldt næraste familie og vener, men heile lokalmiljøet. Gardane tilhøyrde gjerne eit eige ”bearlag”, og alle her var naturlege gjester til eit bryllup. Nokre stader i landet var det brudgommen sjølv som fungerte som bearmann, andre stader var det kjømeisteren (toastmasteren) som drog rundt til alle gardane og inviterte til den store hendinga.

image

Juni og juli var typiske brullypsmånader også i det gamle bondesamfunnet. Om sommaren hadde ein betre tilgang på god fersk mat, og gjestene kunne losjerast på uthus i gardstunet.

Kjømeisteren var også han som ønska alle gjestene velkomne til gards på den store dagen. Først fekk gjestene enkel bevertning før det bar av stad i samla tropp til kyrkja. Spelemannen spelte for brureparet heile vegen, og ein skaut saluttar med gevær undervegs. Saluttane vart avfyrde for å halde skrømt og onde vetter unna brura som var svært utsett for skade frå onde makter før dei endeleg nådde fram til kyrkja.

image

Når dei kom hjem frå kyrkja var det tid for festmåltidet. Utpå kvelden var det brurevals. Brura var kledd opp i full brurestas med all den prakt garden og slekta kunne vise. Brurekrona var dessutan eit teikn på jomfrudom og reniskap.

Det vart dansa mykje i norske bryllup. Om sommaren kunne dansen finna stad på låven, i ei sjøbu, på tunet eller ein annan eigna stad. Frå tidleg kveld til soloppgang kunne enkelte halde det gåande på dansegolvet.

Bryllup var like dyrt før som nå. Dette løyste bondesamfunnet på ein av to måtar: Skålebryllup, her la gjestene pengar i ei skål kjømeisteren gjekk rundt med. Det vart gitt pengar både til vertskap og brurepar. Sendingsbryllup betydde at gjestene bidrog ved å sende ein kurv med mat på førehand.

image

Brureparet trakk seg ofte tilbake ganske tidleg. Det var også då vanleg at brura fekk morgongåve av brudgomen dagen etter. Gåva skulle vere personleg, kun tilhøyre henne og ikkje forvaltast fritt av ektemannen slik resten av hennar gods og eigedom kunne. I seinare tid var det vanleg å gi eit smykke eller ei sølvskje, men i riktig gamle dagar kunne gåva ha ein mykje større økonomisk verdi. Eit døme er då Dronning Blanka i 1335 fekk Tunsberghus og områda rundt (Tønsberg) av sin brudgom Håkon 5. Magnusson.

image

Eit skikkeleg bondebryllup varte i tre heile dagar. Men det er også døme på bryllup som varte i fem dagar. Dette var eit teikn på velstand og var vanleg skikk heilt opp til 1900-tallet. Det var viktig at festen vart avslutta før søndagen. I løpet av desse dagene vart det servert mykje god mat og drikke. Siste måltid kunne ofte vere “jagesuppe”, ei enkel suppe av melk som signaliserte at bryllupet var over. Mange venta i det lengste med å servere denne suppa.

Av Helen F. Nicholson/Patricia Haeck.

Alle foto: Norstrøm/Riksarkivet/Billedbladet NÅ/RA/PA-0797/U/Ua/L0032/0498

Fleire foto på Flickr

Kjelder: Bjarne Hodne: Der stod seg et bryllup : ekteskapet i Norge gjennom tidene, Cappelen, 1985

Linda Stewart: Bryllup i Norge, om bondebryllup og dagens bryllupsfeiring. Teknologisk forlag, 1996.