Fjellfiske i mellomalderen

Arkeologiske undersøkingar i og ved fjellvatnet Tesse i Lom kommune i Oppland har gjeve eit omfattande materiale som dannar ein spennande inngang til historia om fjellfisket. I diplomsamlinga til Riksarkivet finn du “Tesse-dokumentet”, som blant anna omhandlar bruksretten til vatnet på 1200-tallet.

– Tesse-dokumentet er eit brev som var utferda av biskop Ivar (Skjalge) av Hamar ein gong i embetstida hans, mest truleg ein gong mellom 1202 og 1220, og seier noko om fiskerettane til vatnet Tesse. Originalbrevet til biskop Ivar er for lengst gått tapt, men det eksisterte framleis i original då det i 1333 vart vidimert, det vil seie teken ein stadfesta kopi av det, truleg på Hamar. Det er dette brevet frå 1333 vi har i Riksarkivet, og det er sigillatorisk samanbundne med to andre brev som stadfestar innhaldet i det. Desse breva er høvesvis frå 1334 og 1344, fortel førstearkivar Jo Rune Ugulen ved seksjon for kjeldeutgjeving i Riksarkivet.

Olav den heilage

Brevet inneheld også ein påstand om at Olav den heilage var den som gav vatnet til Torgeir Gamle på Garmo då kongen var på Lom og kristna bygda, oppimot 200 år tidlegare. Eit utdrag frå dokumentet i modernisert språkdrakt skildrar dette:

“Til alle Guds og sine vener, dei som ser eller høyrer dette brevet, nolevande og kommande, sender Ivar biskop Guds og si helsing. Denne beretninga vart gjeven ved hovudkyrkja i Lom for meg Torgeir erkediakon, Tore lagmann, Simon kapellan, Atle prest, Pål i Bø, Eirik Unge, Gunnar Bjor, Bjørn Bratte, og mange andre gode menn, lærde og ulærde, at då den heilage Olav konge kom med kristendomen på Lom, då gav han til Torgeir Gamle på Garmo og alle hans etterkomarar, det vatnet som heiter Tesse.”

Det var slett ikkje uvanleg å til dømes visa til Heilag-Olavs lov når ein skulle påberopa seg gammal hevd i mellomalderen, og dette kan godt vera eit døme nettopp det. Men:

– På den andre sida er det ikkje usannsynleg at det kan ha vore ei munnleg overlevering av ein reell 180-200 år gammal tradisjon i Lom. Korkje Torgeir Gamle på Garmo eller Tessevatnet er nemnt i soga om Olav den heilage, og det kan i seg sjølv vera eit moment som styrkar truverdet til påstanden i brevet frå starten av 1200-talet. Dette er og blir uvisst, seier Ugulen.

Høyr også radioprogrammet Fjellfiske i fortida (NRK Museum) frå seminaret om Fjellfiske i fortida på Norsk Fjellmuseum i Lom den 3.-4. juni

Foto: Tesse-dokumentet (NRA dipl. perg. 1333 august 11).