Krigsfotografiet frå Vefsn

image

Dette er historien om kva som kan skje når arkiv møter sosiale medium. Biletet ”Leve Kongen” fekk ein ny vår på Facebook.

Av Helen Frøyseth Nicholson, kommunikasjonsrådgjevar i Riksarkivet

Det hender vi mottek e-post frå folk som sit på nye opplysningar om arkivmaterialet vårt. Den 8. september 2014 fekk vi ein slik e-post. Avsendar var Knut Skorpen ved bygdebok-kontoret i Vefsn kommune, og saka gjaldt biletet ”Leve Kongen”, på trykk i Arkivmagasinet 2/2014. Skorpen kjende biletet godt, og hadde namn på alle dei tjue personane som dannar bokstavane i ”Leve Kongen”. Fotograf er ikkje lenger ”ukjend” slik vi skriv. Det var Sverre Amdam (1915-1984) som tok biletet, i mars 1941, ved Langvatnet i Vefsn kommune.

Skorpen tek kontakt med oss fordi han er interessert i å vite om fotografiet vart distribuert i krigstida, eller om det låg gøymd til fredsvåren. Blant dei fotograferte skal det ha sirkulert éin eller fleire kopiar alt under krigen, men Skorpen har ikkje sett dokumentasjon på at biletet vart brukt i haldningsskapande arbeid før etter freden. Då kong Olav besøkte Mosjøen på 1980-talet, fekk han ein kopi av fotografiet i gåve frå kommunen. Kva tid biletet første gong vart publisert, veit ikkje Skorpen. Éin meinte det måtte vere i Arbeiderbladet (Oslo), under overskrifta ”Gutta på skauen”. 

Riksarkivet kunne dessverre ikkje bidra med så mykje anna enn at biletet er ein del av NTBs krigsarkiv, og stod på trykk i Allers nr. 52, 1965. Men vi la biletet ut på Facebook, i håp om å få fleire opplysningar. 

Svar på Facebook

Og det er no vi kjem til kjernen i denne saka. Tilbakemeldingar frå etterkomarar av dei avbilda lot ikkje vente på seg. Og det dei skriv gjer inntrykk: 

”Min morfar Harald Rørvik fikk tilsendt dette bildet rundt 41/42. Han fikk tre år i Sachsenhausen på grunn av dette bildet”, skriv Odin Rørvik.

Eit par av dei fotograferte, Einar Andersen og Arvid Nordgaard, fekk seinare langvarig opphald i tysk fangenskap, utan at det hadde direkte samanheng med dette biletet. Det kjem også fram at fotografiet er teke ved garden Langvatnet i Vefsn, i mars 1941. Langvatnet var eit ynda utfartsmål både sommar og vinter.

Odd R. Ingebrigtsen fortel at det var Roald Bjerkeseth som hadde ideen til oppsettet av “Leve Kongen”. Han var medlem av motstandsrøyrsla som vart danna august-september 1940. Ungdomane på biletet var frå Mosjøen. Dei var ute på skitur, og biletet var ikkje planlagt på førehand. 

Unni Hågensen skriv: ”Det er broren min, Terje Strøm, som lager bokstaven K. Han gikk dessverre bort for 15 år siden. Jeg ble fortalt at det sto tyske soldater og så på da bildet ble tatt. De forsto heldigvis ikke norsk, så bildet ble tatt uten noen konsekvenser.”

Janne Karin Remhaug kommenterer også: ”Jeg har dette bildet. Det hang i min barndomsheim på Herøy. Sannsynligvis fordi en Bjerkeseth som bodde i O.T. Olsensgate 8 under krigen, var venn og slektning av min mor. Navn på alle personene står under bildet, samt fotografene, hvor og når det ble tatt – og hvem som hadde ideen.”

Else Irene Ekrem Wika fortel at ho har sett dette biletet på veggen hos fleire, og legg til: ”Min svigerfar, Kristoffer Wika, er den nest siste personen i siste N”.
Frode Andersen fortel at biletet har betydd mykje for familien, då onkelen, Einar Andersen, er med på biletet.

Lars Nygaard skriv at Kong Olav V fekk biletet i present frå ordførar Hyttebakk då han besøkte Mosjøen i samband med feiringa av Dolstad kirke som var 250 år. Kongen hadde sett biletet tidlegare, men han visste ikke kvar det var teke.

Thomas Åkvik Greger skriv at ”det er min bestefar Arne Greger Nilsen som står i siste E-n i LEVE”.

Mytedanning

Men korleis gjekk det med spørsmålet til Knut Skorpen? Fekk han svar på kva tid biletet stod på trykk for fyrste gong?

– Vi kom ikkje nærare enn at fotografiet var brukt i heftet «Så vi vant vår rett» (1947). Det finst fleire kopiar av biletet. Dei klåraste eg har sett, kjem frå fotoavdelinga ved Helgeland museum, seier han.

Men historiane som blir fortalt i kommentarfeltet på Facebook – kan vi stole på at dette er sant?

– Slike ikoniske bilete blir gjerne gjenstand for mytedanning. Men desse forteljingane er ein del av historia, og då er det høveleg greitt å nemne dei, meiner Skorpen.

Langt nede i kommentarfeltet skriv Odd Langvatn at biletet er teke på Langvatn Gård. Bjørka ein kan skimte til venstre på biletet har blitt freda til ”evig tid”, eller til den dagen ho dett ned av seg sjølv. 

Ho står framleis.

Bilettekst: Ein e-post og eit Facebookinnlegg gjer at Riksarkivet no har namn på alle personane på biletet: Bak frå venstre: Arne Erlandsen, Halvdan Blåfjell, Trygve Skog, Arne Skjølberg, Nils Johan Tempelhaug, Arne Greger Nilsen senj., Einar Andersen. Nedste rekke frå venstre: Terje Strøm, Evald Reinfjell, Johannes Johannessen, påfinnar Roald Bjerkeseth, Johan “Pål” Mikalsen, Arvid Nordgaard, Kåre Haustreis, Karl Mikalsen, Einar Straum, Erling Tverå, Johan Hagen, Kristoffer Wika, og Gunnar Tveraa.

Kjelder:

Arkivreferanse ”Leve Kongen”: (PA-1209 NTBs krigsarkiv serie Ue).
Facebookinnlegg: https://www.facebook.com/groups/253554181388125/search/?query=leve%20kongen
Kjell Jacobsen (1977): Vefsn bygdebok bind III, s. 344.

Månadens tema i april 2015: Konge og krig