Kampen om fisken

Av Kari Benedictow, arkivar, Riksarkivet

Natt til 29. september 1916 bauta D/S Ravn av Kristiania seg fram langs kysten av Murmansk. Det var stor sjø med storm og tette haglbyger. Skipet var på veg til Arkangelsk med ei last ammoniumnitrat. Ved daggry blei skipet brått stogga av varselsskot frå ein tysk ubåt. Mannskapet på sytten blei i all hast beordra i livbåtane. Etter fire skot og ein knapp time var både D/S Ravn og ubåten borte i det mørke djupet, medan mannskapet kjempa sitt livs kamp i to små båtar på det kalde og opprørte havet.

Stivfrosne menn rodde og lensa på spreng. Når det hardna som verst, stemde førstestyrmannen i med song for å halde motet oppe. I åttetida om kvelden, etter tretten timar i sterk nordvestleg storm, nådde den eine båten land. Donkeymannen og fyrbøtaren var då døde av utmatting og kulde. Få timar seinare måtte kokken og kollemparen gi tapt på ei ugjestmild strand i Ishavet. Livbåten frå babord side med kapteinen og fem mann om bord, kunne ikkje sporast. Han var borte for alltid.

Knapt noko forvaltningsområde kom til å by på større utfordringar for dei norske styresmaktene under første verdskrigen enn fiskerinæringa.

Mest alvorleg var det då problema i fiskerisektoren i 1915–1916 heldt på å føre Noreg rett inn i den store krigen. D/S Ravn var eitt av i alt elleve skip som i løpet av ni dagar i september og oktober 1916 blei senka av tyske ubåtar i Nordishavet. Torpederingane var represaliar fordi nøytrale Noreg hadde inngått ein handelsavtale med krigførande Storbritannia. Avtalen var hemmeleg, men hovudpunkta blei raskt kjende og vakte sterke reaksjonar. Dei ti mennene og dei elleve skipa blei offer for at Noreg hadde brote den vanskelege nøytralitetspolitiske lina.

0
0
1
18
96
Arkivverket
1
1
113
14.0

96
800×600

Normal
0

21

false
false
false

NO-BOK
JA
X-NONE

/* Style Definitions */
table.MsoNormalTable
{mso-style-name:”Vanlig tabell”;
mso-tstyle-rowband-size:0;
mso-tstyle-colband-size:0;
mso-style-noshow:yes;
mso-style-priority:99;
mso-style-parent:””;
mso-padding-alt:0cm 5.4pt 0cm 5.4pt;
mso-para-margin:0cm;
mso-para-margin-bottom:.0001pt;
mso-pagination:widow-orphan;
font-size:10.0pt;
font-family:Calibri;}

Les heile artikkelen i Arkivmagasinet nr. 3/2014.

Arkivreferanse bilde: S-1604 Havnedirektoratet, serie Ud no 19/6. Haugesund havn  u.d.

Månedens tema november 2014: 1. verdenskrig