– Til vor kjære Søster Kristine

Nyleg mottok Riksarkivet eit fotoalbum, ein tidstæra levning frå eit mindre kjent kapittel i historia om Noreg under første verdskrig. ”Til vor kjære Søster Kristine som tak for god pleie og et hyggelig samvær fra de russiske soldater og officerer” og under er det om lag seksti russiske signaturar.

Albumet har tilhøyrt sjukepleiar Kristine Endrerud (1880–1983), og vart gitt henne som gåve frå krigsskadde russiske soldatar som var internert ved pensjonatet Baneminde på Espa i Stange 1917–1918. Interneringa var eit ledd i det humanitære arbeidet for å lette forholda for dei mange russarane i tysk krigsfangenskap. Kristine var ei av Røde Kors-systrene som bidro med naudsynt pleie og stell. Difor fekk ho denne helsinga frå dei takksame russarane.

Fotografia viser litt av livet på Baneminde, interiør samt ansatte og familien til eigaren, Mons Hestnes, side om side med soldatane. Mange av bileta ser også ut til å vere tatt andre stader og er limt inn til minne om den portretterte.

Det er ikkje så mykje vi veit om dette albumet og historia om dei russiske krigsfangane som blei sendt til Noreg. Dei kom ikkje berre til Baneminde, men også til andre stader rundt om i landet. Vi vonar at albumet, som er fritt tilgjengeleg for bruk på Riksarkivets lesesal, kan vere ein interessevekkar for å studera humanitært arbeid under den første verdskrigen på så vel eit overordna nasjonalt og internasjonalt plan som på eit lokalhistorisk nivå. Ikkje minst blir ein nysgjerrig på personane på bileta, og på den vidare lagnaden til desse russiske soldatane.

Arkivreferanse: PA-1774 Kristine Endrerud. Krigsskadde russiske soldatar og pleiarar på Baneminde 1917–1918.

Månedens tema november 2014: 1. verdenskrig