16. des: Fragment av ei kongesoge

Like over midnatt søndag den 16. desember 1263 døydde den norske kongen, Håkon Håkonsson, i Kirkwall på Orknøyane etter eit lengre sjukeleie. Han hadde då bak seg ei relativt mislukka hærferd til Suderøyane og Skottland, i ein freistnad på å hevda norsk overherredøme der. På våren 1264 vart liket hans ført til Bergen, og gravlagt i den store Kristkyrkja på Holmen (det noverande Bergenhus).

NRA 55 A inneheld to fragment frå kongesagahandskriftet Jöfraskinna, skrive i Noreg på pergament ein gong i åra 1300–1325. I dag er handskriftet berre høgst fragmentarisk bevart, med nokre få blad som no er i København og Stockholm, i tillegg til dei to fragmenta her i Riksarkivet i Oslo. Begge fragmenta i Riksarkivet vart tidleg på 1600-talet skorne ut av handskriftet, og nytta til innbinding av futerekneskapen frå Hadeland i 1625. Opphavleg inneheldt Jöfraskinna både Heimskringla («Snorre») og Sverres saga i tillegg til Håkon Håkonssons saga. Saman med ei rekkje andre uerstattelege kjelder til norsk og nordisk historie, gjekk det tapt då universitetsbiblioteket i København brann i 1728.

NRA 55 A 1 (biletet til venstre) er det største av dei to fragmenta, og også det mest iaugefallande ettersom det har mange fint utforma initialar i raudt og grønt blekk. Den øvste initialen er ein «h», og markerer starten på eit kapittel i handskriftet om drapet på ribbunghovdingen Gudolv av Blakstad (i Asker) i 1226 eller 1227. Sjølve kapitteloverskrifta kan vi sjå lenger til høgre på fragmentet, der det står «drap gudolfs». Teksten til Håkons saga er sterkt forkorta i dette handskriftet, og er ikkje rekna for å vera særskilt god. Til dømes femner det kapittelet som her omhandlar drapet på Gudolv av Blakstad to kapittel i dei vanlege tekstutgåvene av soga. På baksida av fragmentet vert det fortalt om då Håkon Håkonsson gav kongsnamn til Uspak av Suderøyane (Hebridane) vinteren 1229–1230, og om hærferda til Suderøyane sommaren 1230.

Framsida av det andre fragmentet, NRA 55 A 2 (på biletet til høgre), fortel om førebuingane til slaget mellom hertug Skule og kong Håkon i Oslo aprildagane 1240. På øvste linja ser vi starten på eit kapittel om hertug Skule («fra skula hertoga» med raudt blekk), og mellom anna er stormannen Vilhjalm frå Torget (ved noverande Brønnøysund) nemnt. På baksida handlar teksten om avslutninga av slaget i Oslo, og om at kong Håkon gav grid til dei av vårbelgane (nemning for hertug Skule sine menn) som framleis var i live. Vi ser også to initialar i raudt blekk på denne sida – ein «Þ» og ein «S».

Ved sidan av fragmenta som vert viste her, finst det fragment i Riksarkivet av eit anna handskrift med tekst frå Håkon Håkonssons saga – NRA 55 B. Der er teksten mykje fyldigare og betre, men sjølve pergamentet er mørkt og prega av at det truleg har vore på Island i lang tid. Det handskriftet har heller ikkje vore like forseggjort som Jöfraskinna.

Eg velger meg …
Dokumentet er valt ut av førstearkivar i Seksjon for kildeutgivelse Jo Rune Ugulen, som ein del av den digitale julekalenderen til Riksarkivet i 2013.

Jo Rune si grunngjeving:
Eg har valt å visa fram to fragment av ei kongesoge frå mellomalderen. På dagen for 750 år sidan døydde kong Håkon Håkonsson, og kva er vel då meir naturleg enn å visa fram to av dei  fragmenta av soga om Håkon Håkonsson som finst i Riksarkivet? Då han døydde hadde Håkon Håkonsson vore konge i Noreg i 46 år ­– frå 1217. På mange måtar personifiserte han det riksfemnande einekongedømmet som gjorde Noreg til ein stat etter at borgarkrigane tok slutt, og han spela tvillaust ei svært viktig rolle i det som vert omtalt som stordomstida i norsk mellomalder.