10. des: M/S Ravnefjell

Arkivet etter Sjøfartsdirektoratet med forløpere, Skipsmålingen er omfattande. Serien med målingsbevis er på heile 321 arkivboksar, og underserien “Motorfartøy” er på totalt 150 arkivboksar.

Akkurat denne mappa dokumenterer kva målebevis skipet ”M/S Ravnefjell” hadde, før og etter ombygging i 1959. Dokumenta viser kva tankar skipet hadde, kvar klesskapet til elektrikaren var – rett og slett alle store og små detaljar for dette motorskipet.

Mappa med målingsbevis er døme på at dokument blir skapte ved at opplysningar skal meldast til ulike register, i samsvar gjeldande lover og reglar.

Reiarlaget som eigde ”M/S Ravnefjell” heitte A/S Dovrefjell (Olsen & Ugelstad) og eksisterte frå 1915 til 1978.

Arkivreferanse: Sjøfartsdirektoratet med forløpere, Skipsmålingen RA/S-1627/F/ Fc/L0195, M-15054 – ”M/S Ravnefjell” 

Eg velger meg…
Dokumentet er valgt ut av førstekonsulent i Seksjon for avlevering og arkivbeskrivelse, Silje Buset Glette, som ein del av den digitale julekalenderen til Riksarkivet i 2013.

Silje si grunngjeving:

Sjølv er eg ikkje like fasinert av skip og båtar som min far var,  sommarferiar med turar til kaia for å sjå på ulike skip skapte aldri ei større interesse, – eg hadde ikkje opplevd utviklinga i båt og skipsfarten slik han gjorde frå 1940 talet. Eg veit heller ikkje kva som skjedde med ”M/S Ravnefjell" etter at skipet vart sjøsett for snart 60 år sidan, men mappa er stempla ”utrangert”, så båten er vel blitt historie.  Heldigvis er det plass til utrangerte motorskip i arkiva, og kanskje er skipsfartshistorie litt interessant likevel?