2. des: Udkast til en Lov om Formænds Ansættelse i Thinglaugene på Landet

Visste du at Riksforsamlinga på Eidsvoll, i tillegg til å skrive grunnlov, sette ned ein lovkomité som skulle utarbeide eit nytt sivilt lovverk for landet? Ei av oppgåvene til lovkomiteen av 1814 var å lage ei ordning for folkevald representasjon på bygdene. Det første lovutkastet blei forfatta i 1820 av sorenskrivaren på Hadeland, Jens Gram Thaulow.

Fram mot vedtakinga i 1837 blei utkastet gjenstand for grundige revisjonar i takt med den politiske utviklinga. Dei vedtekne lovene gjekk til slutt mykje lenger enn det embetsmennene i komiteen opprinneleg hadde tenkt seg. Tidlegare hadde embetsmennene hatt nesten all makt. Med det nye lovverket blei det grunnlag for å byggje opp ein kommunal organisasjon med tilhøyrande administrasjon. Leiinga skulle veljast av og blant dei røysteføre i bygda.

Prinsippet om det kommunale sjølvstyret er enno ikkje teke inn i Grunnlova, sjølv om det stadig kjem framlegg om det i Stortinget. I 2013 veit staten framleis ikkje heilt kva den skal meine om det kommunale sjølvstyret!

Her ser du det opphavlege framlegget frå 1820. Revisjonsarbeidet er allereie i gang. Godt dei jobba med spor endringar-funksjonen på.

Mer om formannskapslovene i Arkivmagasinet 3/12 (s. 41-42): http://arkivverket.no/arkivverket/Arkivverket/Om-oss/Publikasjoner/Arkivmagasinet

Arkivreferanse: RA:Justisdepartementet, Lovkomiteen 1814, pakke E14.

Jeg velger meg…
Dokumentet er valgt ut av jurist i Riksarkivet, Helga Hjorth, som en del av Riksarkivets digitale julekalender 2013.

Helgas begrunnelse:
I Kommunaldepartementet, hvor jeg jobbet før, hadde alle juristene hørt om formannskapslovene fra 1837. Vi var mektig stolte over å forvalte og forsvare arven etter ”kommunenes grunnlov”. Da en venninne disputerte for den juridiske doktorgraden om det kommunale selvstyret, var en kopi av førsteutkastet den selvsagte gaven. Som ny i Riksarkivet og med tidligere karriere som lovmaker i Kommunaldepartementet, var møtet med dette dokumentet stor stas. Der sto jeg med historien i hendene. Med erkjennelsen av at også mine bidrag til lovutviklingen er dømt til evig liv her i Riksarkivet.