Studentmoro som kosta både liv og pengar

Rigsstattholderns Rapporter, 1851, og Severin Løvenskiold sitt namnetrekk.

Pinsehelga 1851 var vel 600 norske, svenske og danske studentar samla til skandinavisk studentstemne i Christiania. Det blei halde talar, prosesjonar, storslagne ball og andre festlege og champagnesprudlande samvær. Opptog, song og hurrarop prega byen og omegn i seks hektiske junidagar. Ikkje minst då det vart gjennomført ein nøye planlagt to-dagars tur for heile den store forsamlinga over Krogskogen til Ringerike.

Stemnet hadde imidlertid inga høg stjerne hos den norske statthaldaren Severin Løvenskiold. Han reikna ut at den skandinaviske studentmoroa kom til å koste byens innbyggjarar 5000 spesiedalar, i tillegg til alt det meir eller mindre friviljuge arbeidet og utgiftene som ein god del borgarar i Christiania og bønder i Aker, Asker og Bærum ytte i form av gratis losji og hesteskyss.

For ikkje å tale om kor tåpeleg statthaldaren meinte det var å bruke opp tid og krefter på å feste i staden for å konsentrere seg om dei viktige eksamenane som venta. Ifølgje Løvenskiold er det gamalt nytt at studentar tuller bort dyrebar tid:

i vor forstyrrede Tid ansees Examina for en Bisag, Morskab for en Hovedsag.

Men festen tok slutt, og då det skandinaviske studentermøtet 1851 var vel og vakkert over, kunne statthaldaren 15. juni rapportere til kong Oscar 1.:

De Fremmede forlod Christiania i Gaar ved Middagstid, efterat have tømt de sidste Champagne Bouteiller og efter uendelige gjensidige Taler.

Og temmeleg lakonisk oppsummerte Løvenskiold kva for menneskelege og økonomiske tap stemnet hadde forårsaka:

Besøget har kostet Christiania Bye mange Penge, Slotsintendant Linstow Livet, Byens Indvaanere megen Tid og maaskee mangen Helbred.

Stakkaren som hadde mista livet under festivitasen, var ingen ringare enn Hans Ditlev Frantz Linstow, arkitekten som hadde fått oppdraget med å teikne Slottet i Oslo, og som også hadde laga standardteikningar som er brukt til å sette opp ikkje mindre enn 70 norske kyrkjebygg. Statthaldar Løvenskiold skildra for kongen korleis det heile hadde gått til:

Den gamle Linstow var som mange Andre i en munter Stemning efter Dronningbjergets Champagne, hvorunder han væltede og kort efter opgav Aanden.

Kjelde: Statthaldarrapport 11. mai – 15. juni 1851. Avskrift i det norske Riksarkiv (NRA) Originalrapportar i Bernadotteska familjarkivet, Slotsarkivet, Stockholm.

English: The Scandinavian student meeting in Christiania in 1851 was an expensive waste of time, according to governor Løvenskiold. It even cost the life of the architect for the royal palace.

Månedens tema i oktober: Universitetsliv
Vi setter fokus på studenter og universiteter i arkivene