Storting eller kolera?

Statthaldar Severin Løvenskiold var kong Oscar I.s mann i Norge midt på 1800-talet. Løvenskiold representerte den svensk-norske unionskongen når regenten sjølv ikkje kunne vere til stades, og sendte med korte mellomrom skriftlege rapportar til kongen om kva som skjedde her i landet. Løvenskiold rapporterte om stort og smått, alt frå rykter om omreisande utanlandske revolusjonære til sin eigen families helsetilstand.

Statthaldaren hadde opplevd store politiske endringar i si eiga levetid, og var slett ikkje glad for alt nytt. Ettertida har omtalt han som ein djupt konservativ, reaksjonær mann, som alt i levande live høyrde fortida til. Severin Løvenskiold likte til dømes ikkje konstitusjonelle endringar, særleg ille tykte han om den folkevalde nasjonalforsamlinga han sjølv hadde vore med å innføre i 1814. Løvenskiold sa då også tydeleg i frå om at han takla samtidas harde koleraepidemiar betre enn det demokratiske Storting.

I april 1851 tok Stortinget ferie til over påske. Dei fleste stortingsrepresentantane reiste ut av Kristiania, og for statthaldaren var det ei stor lette at byen blei tømt for folkevalgte representantar. Den 13. april 1851 skreiv han derfor til kongen:

Om Gud efter Paaske bød mig Storthing eller Cholera, tog jeg med Kyshaand Cholera

Kjelder: Statthaldarrapport 13. april 1851. Avskrift i det norske Riksarkiv (NRA). Originalrapportar i Bernadotteska familjarkivet, Slotsarkivet, Stockholm.

Storsveen, Odd Arvid, upubl. manus, Hermelinspels eller kattemusikk? Severin Løvenskiolds stattholderskap

Bilde fra: D. Arnesen del. E. Westerberg lith. Em. Bærentzen & Co. lith. Inst. (NB)

English: In the mid-1850s, conservative Norwegian governor Severin Løvenskiold would rather have cholera than the democratically elected national assembly (Stortinget).

Månedens tema i september: Politikk
Vi setter fokus på politisk stoff i arkivene