Hand i hand 

Arkiva inneheld langt i frå berre papir. I Riksarkivet har vi mellom anna mange ulike tekstilar. Eit døme er desse vottane frå arkivet etter Norges husflidslag. Dei er prøver på ein dame- og ein herrevott og ligg pakka inn i tynt papir omtrent som på eit lager i ein butikk.

Arkivreferanse: PA-0976 Norges husflidslag, Wa, 1.

Sjå fleire videoar på Riksarkivet sin kanal på YouTube.

English: Two mittens made with Norwegian handicraft. Archives contain more than just paper.

Månadens tema i august: Tekstilar
Vi set fokus på godt stoff i arkiva